Mamma Mia! Dinnerparty i Hengjo Lørdag 27. juni 2026

20.Juni & 27.Juni

Vi spiller forestillingen på to datoer. Husk å sjekke at du har valgt riktig dato før du går videre til betaling.

Bekkjarvik Experience, Bekkjarvik Gjestgiveri og Eit SABBA Band presenterer:
Mamma Mia! Dinnerparty i Hengjo

Gjesteartist: Fredrik Domaas

Gjer deg klar for ein heilt unik sommarkveld i majestetiske Hengjo i Bekkjarvik – med ein smak av Hellas! For aller første gong inviterer vi til eit ekte dinnerparty der middag og show går hand i hand.

Nyt ein utsøkt treretters sharing meny i gresk-inspirert stemning medan du blir omslutta av eit spektakulært ABBA-show i historiske omgjevnader.

Eit SABBA Band har tatt store og små scenar med storm det siste året, og for anledninga har Astrid Fagerbakke Heggland skrive eit flunkande nytt manus, med humor, romantikk og tendensar til sjalusi. Fredrik Domaas, kjent blant anna frå Stjernekamp, er med i rolla som den litt for unge språklæraren som fire «litt vaksnare damer» har eit godt auga til. Her blir det sol, sommar, allsong og dans – og garantert Dancing Queen-stemning!

Dette arrangementet er rett og slett the winner takes it all for sommarfesten – enten du kjem med firmaet, vennegjengen eller klubben. Når kvelden går over til natt opnar dansegolvet med enno fleire ABBA hits og dunkande disco, så ta på deg danseskoa!

📌 Praktisk informasjon

· Dato: 20. juni og 27. juni 2026

· Tid: Dørene opnar kl. 18:00

· Stad: Hengjo, Bekkjarvik

· Billettpris: kr 1495,- + billettavgift

Billetten inkluderer:

o Aperitiff

o 3-retters sharing meny

o Heilaftans show

o Therese Storebø frå Feddie i baren (20. juni)

o DJ og dans

· Grupper: Arrangementet nyttar større fellesbord, og gjestane blir plasserte saman. Grupper blir bedne om å ta kontakt med Bekkjarvik Gjestgiveri for bordplassering.

· Aldersgrense: 20 år

· Merk: Billettane vert ikkje refundert

Medverkande

Vokal: Band:

Fredrik Domaas Sigve Solbakken

Astrid Fagerbakke Heggland Anders Dale

Ragnhild Cathrine Østervold Roald Storebø

Mandana Zadeh Jo Magnar Drønen

Hege Lauvik Bent-Jarle Brenne

Så take a chance on us, finn fram sommarkjolen, det gode humøret – og bli med på ein kveld fylt med gresk atmosfære, ABBA-klassikarar og minner som varar lenge etter siste låt.

Voulez-vous bli med?

Billettar finn du på Easyticket!

kr 1 563,00

På lager