
VAMP – Live i Bekkjarvik, fredag 21. mai 2027
Bekkjarvik Experience har gleda av å presentere:
VAMP – Live i Bekkjarvik i Hengjo
Fredag 21. mai 2027
Kl. 20.00
Vi tilbyr showpakkar på Bekkjarvik Gjestgiveri med gunstige prisar på trerettars middag før showet. Vi tilbyr òg hotellpakkar med gode prisar på overnatting.
Få musikalske opplevingar passar betre til Bekkjarvik enn Vamp sine tekstar og melodiar om livet ved kysten vår.
Vamp – Tiå Det Tar
I tre tiår har dei levert. Hundrevis av songar om det å vere menneske. Om kjærleik og sorg, mytar og skrømt, ærlegdom og svik, døden og livet. Og havet.
Vamp høyrer til eliten i norsk musikkliv. Dei har utvikla eit særeige uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk som har treft den norske folkesjela. Dei har oppnådd mykje heider og ære, mellom anna fem Spellemannprisar, Prøysenprisen og Medaasprisen. Dei har gitt ut 18 album og selt over éin million plater.
Den nyaste utgivinga deira, «Tiå det tar», fekk gjennomgåande strålande kritikkar og høge terningkast frå meldarane, og nokre meinte sågar at dette er Vamp si beste utgiving så langt. Katalogen er full av kjende og kjære songar som dei auser av på konsertane sine.
Praktisk informasjon
• Billettpris: kr 650 + billettavgift
• Showpakkar: Vi tilbyr pakkar med middag eller middag + overnatting på Bekkjarvik Gjestgiveri
• Enkel servering av forfriskninger
• Dørene opnar 45 minutt før showstart
• 18 års aldersgrense
• Billettane vert ikkje refunderte
• Konsertstart kl. 20.00
Velkomen til ein stemningsfull og musikalsk kveld i vakre Hengjo i Bekkjarvik!
Sikra deg billett no
Vi gler oss!
Price range: kr 680,00 through kr 3 190,00
