CLAUS SELLEVOLL – HEIM TIL MEG 5. september 2026

Framsyninga som fekk både kritikarar og publikum til å juble. Etter 85 utselde kveldar på Ole Bull Scene kjem ho no til ditt Bekkjarvik i Hengjo! Likte du Singel & Sand eller Heim-serien? Då er dette showet med Claus Sellevollmidt i blinken for deg! Claus kjenner vi som komikar, skodespelar og gardbrukar. Når han inviterer oss heim, er det til eit hus med mange og varierte rom. Bislaget med slagstøvlar og oljeklede, éi stove til best, og éi til kvardags. Her er rom med lys – og krokar med skugge. Frå kjøkenet må du rekna med å få servert meir raspeballar og sosekjøt enn sushi og vegetar.

I «Heim til meg» vekslar Claus mellom det lettbeinte og det alvorsame. Han hentar i stor grad materialet sitt frå dei frodige karakterane han har møtt heime i Alversund, og i den mangfaldige strilekulturen. I år er det 20 år sidan scenedebuten – på nettopp Ole Bull Scene. «Heim til meg» er ei framsyning laga av Claus Sellevoll i godt samarbeid med regissør Arvid Ones. Med seg på scena har han Vidar Eldholm på piano og Bjarte Aasmul på gitar.

Praktisk informasjon
• Billettpris: kr 573kr + billettavgift
• Showpakkar: Vi tilbyr pakkar med middag eller middag + overnatting på Bekkjarvik Gjestgiveri
• Enkel servering av alkohol
• Dørene opnar 30 minutt før showstart
• 18 års aldersgrense
• Billettane vert ikkje refunderte
• Showstart kl. 18:00

Velkomen til ein stemningsfull og musikalsk kveld i vakre Hengjo i Bekkjarvik!

Sikra deg billett no

Vi gler oss!

Price range: kr 600,00 through kr 2 990,00