Sommershow i Hengjo, 30. august
Vår eiga May Linn Clement frå Austevoll er klar for eit sommarshow i Hengjo – 667 vitsar om Austevoll!
I 16 år har May Linn Clement observert austevollingen på kloss hald. Studert han i fri utfalding. Notert eigenskapar og styrkar, utfordringar og svake punkt. Og no kjem resultatet av studiane: eit sommarshow i Hengjo – ein roast av staden ho har valt å bu. (Ho har nemleg eit triks for alltid å koma med på ferja, uansett kor mange bilar der er i køen.)
«667 vitsar om Austevoll» er eit standupshow for deg som kjenner, kjende, har kjent, eller skal/vil kjenna ein austevolling. Er du austevolling sjølv, seier du? Då er det i høgste grad eit show for deg! Kva skil hundvåkarar, selbjørningar, kolbeinsvikarar og møkstringar? Og kva er det eigentleg med Litlakalsøy? For ikkje å snakka om Drøna? Og Stolmen?
May Linn Clement skulle berre bu i Austevoll i eitt år. No har det gått seksten. Etter elleve gode år i lokalavisa Marsteinen i Austevoll, takka ho for seg i 2021. No er ho avisteiknar og skribent i Dag og Tid, der ho skriv med skråblikk på det meste som rører seg i og rundt livet hennar. May Linn har drive med standup sidan 2023, og er med i klubben Standup Bergen.
No er ho klar for sitt første soloshow og gjev deg:
«667 vitsar om Austevoll» – vel møtt!
Praktisk info:
• Vi tilbyr showpakker med middag eller middag med overnatting på Bekkjarvik Gjestgiveri.
• Enkel servering av alkohol.
• Dørene opnar 45 minutt før showstart.
• 18 års aldersgrense – For gjester over 20 år gjeld også billett for underhaldning etterpå på Bekkjarvik Gjestgiveri
• Kjøpte billettar blir ikkje refunderte
kr 260,00 – kr 1965,00